Liv Grannes og Birger Sjøberg

Written by on 22. januar 2023

Birger Sjøberg (29. oktober 1905–9. juni 1944) var ein norsk-svensk motstandsmann, som fall som kaptein for britisk militære på norsk jord i Eiterådalen i Vefsn 9. juni 1944. Den dag i dag er Sjøberg myteomspunnet.

Som kvinne ved politikammeret hadde Liv Grannes eineståande høve til å gi bistand til motstandsarbeidet under den andre verdskrigen. Frå våren 1941 var ho fast agent for britane i Special Operations Executive, SOE, som dreiv motstandsarbeid på Helgeland. Mykje av arbeidet var knytt til planlegging av ein britisk landgang på Helgeland. Frå 1942 vart dette arbeidet leidd av Birger Sjøberg. Etter Majavasstragedien måtte ho i 1942 flykte til Sverige og vidare til England. Her heldt ho fram motstandsarbeidet. I London vart ho i 1944 gift med Birger Sjøberg.


Reader's opinions

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *



Continue reading

Next post

Hilmar Nøis


Thumbnail
Previous post

Flakstad kommune


Thumbnail
[There are no radio stations in the database]